Dyrevenn

Foto: NRK

Dyrevenn treng hjelp!

Kva har du lyst til å vite meir om?

Til hausten skal Dyrevenn forska vidare på kule og fantastiske dyr i «Under Lupa».
Hittil har dei testa styrken i kloa til hummaren, studert korleis papegøyar kan snakka og funne ut korleis slangar kan eta bytte som er mykje større enn seg sjølv.

Kva kan du tenkja deg å få vita meir om i «Under Lupa»?
Kanskje korleis insekt pustar? Eller korleis hestar kan sova ståande? Eller kanskje har du eit eige dyr som du ikkje vert heilt klok på?

Send inn ditt forslag og spørsmål til dyrevenn@nrk.no eller skriv det i kommentarfeltet under, so kjem kanskje akkurat din idè i «Under Lupa»!

Legg igjen en kommentar