Dyrevenn

Er du glad i kattar?

Det finst mange ulike rasekattar i Noreg. Kva slags katt likar du best?

I gamle dagar var det mest for å bli kvitt rotter og mus at ein hadde katt.

I dag vil vi ha katt mest fordi vi likar å vere saman med dei. Det er mange blandingskattar i Noreg, men rasekattar blir meir og meir populære.

Alle rasane har ulike eigenskapar, og då kan det vere lettare for katteeigarar å få akkurat den katten dei ønsker seg. Kanskje det er nokon i familien som er allergisk mot kattar? Eller skal katten berre vere innandørs?

Sjå nokre av rasekattane i biletgalleriet, og skriv gjerne i kommentarfeltet.

Legg igjen en kommentar