Flatbrød/ fiskebrød

Ei enkel oppskrift på flatbrød/ potetlefse:

Graut:

1,5 l mjølk
2 dl semulegryn

Kok opp mjølka og dryss på semulegrynet medan ein rører godt. La grauten koke 10 minutt.

Potetmos:

1,6 l vatn
1 l potetmospulver

2 ts bakepulver
ca 3 kg kveitemjøl
Lag potetmos med å blande varmt vatn og potetmospulver. La stå å svelle i 5 minutt.

Bland graut og mos og ha i bakepulver og kveitemjøl til deigen går an å bake. Steik på god varme på takke, legg under klede etterkvart. Del i snippar og frys.

Dette er ei oppskrift som og nybyrjarar kan prøve seg på.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Legg igjen en kommentar