«Klart eg kan» på raud løpar

Måndag var det premierefest for "Klart eg kan" og ungar frå serien var sjølvsagt med!

Den 22. desember kjem eit nytt program der barn viser kva dei kan klare. Programmet heiter "Klart eg kan" og handlar om barn som tør å prøve noko dei ikkje har greid før.

Til dømes å teke sin fyrste tur på skøyter, reise med fly åleine for fyrste gong, delta i ein stor danseframsyning eller padle til ei øy for å overnatte.

I jula går serien som ein del av Julemorgon - få den med deg der klokka 08.30!

Det er ungar frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Rogaland og Oppland som deltek. På måndag var det premierefest for serien. Bilete frå festen i Operahuset i Nordfjordeid kan du sjå nedanfor.

Legg igjen en kommentar