Dette treng du:

1,8 kg ferdig potetmasse
2 ts salt
4 dl kveitemjøl
3 ss kefir
3 ss fløyte

Kok poteter og mos dei. Ha i salt. Bland poteter, mjøl, fløyte og kefir og elt det i 2 minutt på miksar. Ta deigen ut på bakebordet og del i 10–12 emne. Bak ut tynne leivar, bruk rikeleg kveitemjøl til «brøymjøl». Steik på varm takke. Legg leivane på kvarandre i eit klede. Når dei er kalde, pakkar ein dei godt inn og legg dei i frysen. Desse lefsene er gode til rakfisk, gamalost og rømme eller med smør og sukker. Ein kan òg smørje dei som vanlege lefser. Om ein ikkje ønskjer å bake store leivar, kan ein lage litt store tynne potetkaker. Det er lettare å bake mindre leivar, og til rakfisk passar det godt.

Dette er ei oppskrift som liknar på slik svigermor til Kari laga potetkake, ho blanda sur mjølk inn i potetene for då heldt dei seg lenger mjuke. Det hadde ho lært av si mor.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Legg igjen en kommentar