MGPjr

Sjå reaksjonane etter avsløringa

Etter avsløringa fekk vi høyre alle finalistane synge ein smakebit av songen sin.

Dina er 12 år og frå Asker i Akershus. Ho har laga songen ”Sterk og rå”.

Emma S er 12 år og frå Bodø i Nordland. Ho har laga songen ”Reis dæ opp”.

Anna og Vilde er begge 12 år og frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Saman har dei skrive songen ”Vestlandet”.

Alma er 13 år og frå Stavanger Rogaland. Ho stiller med songen ”Annerledes”.

Tobine er 11 år og frå Langhus i Akershus. Ho har laga songen ”Halloween”.

Jørgen er 12 år og frå Råholt i Akershus. Låta heiter ”Vi to”.

Emma R er 14 år og frå Mo i Rana i Nordland. Ho syng songen ”Unik”.

Noah er 15 år og frå Storfjord i Troms. Låta hans heiter ”Sterk”.

Rebecca er 15 år og frå Lillestrøm i Akershus. Songen hennar heiter ”Den gangen”.

Medlemane i Beat2Fire er 14 og 15 år og er frå Nærsnes i Buskerud. Dei stiller med låta ”Gode minner”.

Det var alle dei ti finalistane i MGPjr 2016. Var det nokon av dei du likte særskildt godt?

Del din mening!