
Har du tenkt over kor mykje mat du og familien din kastar kvar dag? Bakteriar kan hjelpe til å omdanne alt matavfallet til miljøvennleg biogass. (Foto: AFP/Justin Sullivan)
Potetskrell, rotne appelsiner og kål, gammalt brød og muggen ost – alt går i søpla. I gjennomsnitt kastar kvar enkelt av oss 190 gram kvar dag. Til saman blir det 71 kg matavfall kvart år. All denne maten kan faktisk bli brukt til noko nyttig. Det kan bli til drivstoff til bilar og båtar – kanskje også til fly.



