Newton

Råd for pollenallergikere

Er du ein av dei som får raude auge og rennande nase om våren og sommaren?

Slik gjer du for å komme deg gjennom pollensesongen.

  • Ver forsiktig med sykling i den verste pollentida.
  • Vask ansikt og hender når du har vore ute. Skyll hår og skift putevar før du legg deg.
  • Bruk solbriller – dei stenger pollenkorna ute!
  • Dra på ferie til ein stad med lite pollen, for eksempel høgt til fjells, til kysten eller til utlandet.
  • Gjer reint ofte i pollensesongen. Pollenpartiklar samlar seg på overflater som golv og bord, og blir virvla opp og pusta inn. Husk også å tørke oppå skap og hyller.
  • Viss du skal lufte, bør du helst gjere det om kvelden eller natta, for då er det mindre pollen i lufta enn om dagen.
  • Ikkje tørk klede eller sengeklede ute midt på dagen. Pollenkorna fester seg lett til tøy.
  • Ha ikkje allergiframkallande blomstar, bjørkeris og ”gåsunger” innandørs.

SE OGSÅ: Klipp fra NRK-Skole: Simon (12)  forteller om hvordan det er å ha pollenallergi.

Av Unni Eikeseth

 

Alle trær har forskjellige pollen, og vi reagerer ulikt på de mange artene. Bjørkepollen er ofte verstingen. (Foto: NRK)