Newton

Spinnvill seigmann

 

 


Ein seigmann går fullstendig bananas i dette tøffe eksperimentet. Finn ut korleis Selda gjorde det. 

 

Av Unni Eikeseth 

Til dette eksperimentet bruker Selda eit farleg stoff som heiter kaliumklorat. Det er eit veldig sterkt oksidasjonsmiddel, som betyr at stoffet reagerer veldig sterkt med nokre ting, for eksempel sukker som det finst massevis av i ein seigmann.

Når seigmannen blir putta oppi eit reagensglas med smelta, varm kaliumklorat skjer det ville ting i glaset. Seigmannen lyser opp, blir varm og bråker og freser som ein liten minivulkan.  Lyset, lyden og varmen blir laga i den voldsomme reaksjonen, på same måte som ein vedkubbe som brenn i peisen også gir lys og varme.

Etterpå er det berre ein svart kolklump igjen av den stakkars seigmannen, han har blitt ete heilt opp av kaliumklorat og er brent omtrent som ein vedkubbe.

Som du ser på bildet så er dette eit farleg forsøk som du ikkje må prøve på sjølv. Men det er heilt ufarleg å sjå Selda gjøre det, klikk på videoen heilt øverst! (Foto: NRK)