Newton

Eksperiment med sukker og syre

 


Selda forvandlar søtt kvitt sukker til en svart, esande og rykande vulkan. Les korleis det går til her.
 

 Av Unni Eikeseth

 

For å lage dette eksperimentet trengs det sukker, vatn og ei kjempesterk og etsande syre som heiter svovelsyre (NB! Ikkje gjer dette heime). 

Når Selda heller svovelsyra over sukkeret blir det kolsvart, det begynner å ryke og så veks det svarte sukkeret ut av begeret og opp i lufta heilt av seg sjølv!

Forklaring

Det som skjer her er rett og slett at svovelsyra drar vatnet ut av sukkeret. Alt som blir igjen av sukkeret då er karbon, som er det same som det svarte kolet som ligg igjen i omnen etter at veden har brent opp.

Reaksjonen mellom svovelsyre og sukker lager også masse varme, og det får vatnet til å fordampe. Det er dampen og varmen som gjer at sukkeret utvider seg slik at det kjem opp av glasskolben.

Svovelsyre ville gjort omtrent det same mot deg som det gjorde mot sukkeret viss det fekk sjansen, med andre ord er det skikkelig skummelt å søle svovelsyre på seg!

FORSIKTIG MED SYRA: Selda har hanskar og vernebriller på seg når ho heller den farlege svovelsyra oppi sukkeret. NB! Du må ikkje gjere dette heime! (Foto: NRK)

FORSIKTIG MED SYRA: Selda har hanskar og vernebriller på seg når ho heller den farlege svovelsyra oppi sukkeret. NB! Du må ikkje gjere dette heime! (Foto: NRK)

  

SUKKERET BLIR BRUNT: Etter ei lita stund blir sukkeret brunt. TIl sist blir det heilt svart, som kol. Sjå videoen øverst korleis dette heng saman. (Foto: NRK)

SUKKERET BLIR BRUNT: Etter ei lita stund blir sukkeret brunt. TIl sist blir det heilt svart, som kol. Sjå videoen øverst korleis dette heng saman. (Foto: NRK)

 SE OGSÅ: Tidligere eksperiment i Newton