Newton

Hvordan blir regnbuene laget?

Spørsmål:

 Jeg følger med på Newton hver uke, og jeg synes det ett veldig spennende program. Nå håper jeg dere kan hjelpe meg med noe jeg lurer på. Hvordan blir Regnbuer til? Hilsen fra Hans Peder 5 1/2 år

 

Newtons egne eksperter innen tema som fysikk, universet, dyr, geologi og kropp, svarer på spørsmål som allerede er kommet inn til redaksjonen. I dag svarer meteorolog Merete Øiestad.

Svar:

Hei Hans Peder. Det er regnet og sola som lagar regnbogar. For at du skal sjå ein regnboge, må du ha sola i ryggen og regndråpar framfor deg.

Lag ein regnboge

Viss det er sol, men ikkje regn, kan du lage din eigen regnboge. Stå med ryggen mot sola og sprut med hageslangen framfor deg, og vips, så har du ein regnboge.

Berre sjå

Regnbogar er eit optisk fenomen. Det betyr at du berre kan sjå dei, men ikkje gå bort og ta på dei eller fange dei.

Viss to personar står ved sida av kvarandre vil dei likevel ikkje sjå den same regnbogen. Det vil vere forskjellege dråpar som lagar dei to regnbogane.

Kvitt lys

Lyset frå sola er kvitt. Men eigentleg består det kvite lyset av mange fargar. Faktisk dei same fargane som i regnbogen. Når sollyset treff ein regndråpe, blir det kvite lyset spreidd utover slik at vi får ein regnboge.

Når solstrålane treff ein regndråpe, bryt strålane, og fargane i det kvite lyset blir fordelt utover. Inne i regndråpen blir strålane kasta tilbake. Strålane bryt ein gong til når dei går ut av dråpane. Dei ulike fargane går då i litt forskjelleg retning, og derfor ser vi alle fargane  i staden for kvitt lys.

Fargane

Vi har ein huskeregel for rekkefølgja på fargane i regnbogen: ROGGBIF. Det står for raudt, oransje, gult, grønt, blått, indigo og fiolett. Raudt er ytterst og fiolett er innerst.

Store regndråpar gir regnbogen klarare fargar enn mindre dråpar.

To regnbogar

Ofte er det faktisk to regnbogar. Då er det ein regnboge til utanpå. Men denne har svakare fargare og er ikkje så lett å sjå. Viss du er så heldig at du ser ein ekstra regnboge, kan du legge merke til at den har fargane i motsett rekkefølge.

Regnbogen er rund

Eigentleg er regnbogen rund. Det er fordi regndråpane er kuleforma.

Viss du er oppe i eit fly, kan du vere heldig og sjå at regnbogen er ein heil sirkel. Men når vi står på bakken, ser vi berre ein del av  regnbogen. Resten forsvinn under horisonten. Derfor er regnbogen ein boge.

Lykke til med jakta på regnbogar i sommar!

Helsing Merete.

Merete Øiestad, Meterologiske Institutt (Foto: Marit Hommedal)Fakta om eksperten som svarer

Merete Øiestad jobbar som meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen. Det vil seie at ho  finn ut kva slags ver det skal bli, kor mykje det skal blåse og kor høge bølger det vil bli på havet. Ho synest det er kjekt å dele kunnskapen sin om ver og verfenomen med både barn og vaksne. (Foto: Marit Hommedal)

Har du et værspørsmål?

Vi kan ikke love at du får noe svar, men vi plukker ofte ut spørsmål fra seerne som vi svarer på enten i Newton på TV, eller her på nettsiden vår.

Kanskje vi plukker ut ditt spørsmål neste gang? Send det til newton@nrk.no