Newton

Ville du ete insekt til middag?

Sjå nøye på biletet. Denne delikate desserten er pepra med maur som Line har henta fra maurtua.

I dag er vi 7 milliardar menneske på jorda, og vi blir stadig fleire. For at alle på kloden skal få næringsrik mat, meiner blant anna FNs matvareorgan at vi må ete meir insekt.

Newton testar om insekt kan etast

Line og insektekspert Frode Ødegaard tek dette signalet på alvor. I videoen øverst sit dei på restaurant og eter seg gjennom denne heilt spesielle menyen:

Forrett: Salat med frityrstekte bartrelauparar i ein maur-vinagrette

Hovedrett: Steikte grashopper med potet, asparges og beta

Dessert: Maurpudding med jordbær og lavendel

Gresshopper på fat (Foto: NRK)

NAMMM? Knasande sprøstekte grashopper til middag og maurpuddign til dessert. Kan det bli framtida? Det er det faktisk mange som trur! (Foto: NRK)

Mange fordelar med insektmat

Det som er smart med å ete insekt er at dei treng ikkje ete så mykje for å bli kjøt til oss.

Ei ku må ete åtte kilo gras for lage ein kilo kjøt som vi kan ete, mens insekt berre treng to kilo næring for å bli ein kilo insektkjøt! Slå den!

Noko anna som er bra med insekt er at dei lager færre skadelege drivhusgassar enn kyr og sauer. Dessutan kan du ale dei fram på matavfall som elles ville bli kasta.

 Næringsrikt for kroppen

Biologar har funne ut at insekt som biller, maur, sirissar og grashopper er like næringsrike som magert raudt kjøt eller stekt fisk. Insekta inneheld også mange mineralar og fiber som kroppen har bruk for.

FNs matvareorgan vil òg finne ut om edderkoppar og skorpionar kan nyttast som mat.

Line Jansrud plukker maur (Foto: NRK)

MAUR RETT FRÅ NATUREN: Line Jansrud plukkar ingredienser til måltidet sitt rett frå maurtua. Det er mange andre insekt som òg er aktuelle som mat i framtida, både edderkoppar, biller, sirissar, grashopper - og skorpionar! (Foto: NRK)

Ikkje uvanleg med insekt på menyen

Det er ikkje berre kokken Steffen i videoen øverst som lagar matrettar av forskjellige insekt. Også danske kokkar har allereie begynt å eksperimentere med å lage herlege insekt-rettar, som larvar i rabarbra-eddik.   Allereie i dag er det to milliardar menneske verda over som har insekt på menyen, og det blir meir og meir vanleg også på vår kant av verda.

Trur du at du kan ete ein insektmiddag slik som Line gjer i videoen?

Du får sjå heile reportasjen der Line og Frode er i skogen og hentar insekt i Newton søndag 1. september.

 

Tekst: Unni Eikeseth / Ingrid Wold