Newton

Bli betre kjend med Stian i sendinga 14. februar

Takk for dei over 600 spørsmåla som Stian har fått inn, både på Instagram og på nettsida vår.

No er det Torfinn i rolla som intervjuar som tek over: "På kva måte fekk du jobben som programleiar?", og "Korleis er Stian om morgonen?"

Han rekk ikkje å ta med alle spørsmåla, men det blir så mange som mogleg.

Vi er i gong med opptak til denne spesielle Newton-episoden der du blir betre kjend med Stian. Her skal vi òg vise enkelte glimt frå tidlegare opptak, og frå bak-kamera-opptak som aldri er vist før.

Resultatet ser du på NRK Super søndag 14. februar kl. 18.30, og i nett-TV her og no.

Du må ikkje slutte å sende inn spørsmål til Newton om ting du lurer på innanfor naturvitskapen. Det gjer du best ved å senda e-post til newton@nrk.no

 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?