Newton
Denne rotta samlar på mykje rart, og det er ikkje berre skrot og rask ho finn. (Foto: Terra Mater Factual Studios)

Skogrotte som likar å pynte huset sitt

Om natta medan vi søv, jobbar den flittige rotta med å byggje seg eit stort hus med mange rom. Romma bruker ho til lagerplass for mat til vinteren.

Denne søte rotta har òg sans for å pynte inne i huset sitt. Ho pyntar romma med skattar som vi menneska har kasta frå oss eller mista.

I videoen ser du at ho har funne eit perlekjede som ho har dandert pent rundt ei grein. Ho er like nøgd over å finne ei brukt patronhylse eller ei blank bruskork å spegle seg i.

Medan rotta var travel med å samle på ting og tang, har ho ikkje lagt merke til at ho òg har fått seg ein sambuar...

 

Klippet er frå ein film vi skal sende sundag 11. september. Den handlar om forskjellige dyr som byggjer seg hus. Vil du sjå korleis ei beverhytte blir bygd? Sjå filmen på TV sundag på NRK1 eller Super, eller sjå den her i nettspelaren,

Frå "House Hunters, Location"

Copyright: Terra Mater Factual Studios.

Kommentar: Torfinn Borkhus.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?