Newton
Det spesielle med sivfrosken er at vi kan sjå gjennom kroppen hans når vi ser han frå undersida. (Foto: Earth Touch)

Sjå, ein gjennomsiktig frosk!

Den afrikanske sivfrosken er ein skikkeleg ekspert på kamuflasje. Han er så liten og så grøn at han går heilt i ett med omgivnadene.

Det er heller ikkje lett å sjå frosken for fiskane nede i vatnet, for kroppen til sivfrosken er gjennomsiktig.

Huda er veldig tynn. Frosken har ikkje mykje pigment i cellene, så kroppen reflekterer ikkje lyset. I staden går lyset rett igjennom han.

Det er ikkje lett for rovdyra å finna denne vesle frosken.

 

I Newton sundag 18. september sender vi ein film om mange forskjellige froskar.

Sjå filmen på NRK Super, eller sjå han i nettspelaren allereie no.

Klippet er frå  "Incredible Frogs"

Copyright: Earth Touch

Kommentar: Torfinn Borkhus.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?