Forelska?

bilde

Lars (11) er forelska i Nora. I "Nødt eller Sannhet" får han vite kva ho tenkjer...

Høyr dokumentaren her:

Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.

– Eg synest at kjærleik er som å falle gjennom verda, og når du landar så får du ei mjuk landing.

– Kjærleik kan vere som ein kjærleik på pinne. Det kan vere surt eller godt, og leit og trist og bra.

(Saka held fram under biletet, som er ei illustrasjon)

Forelsking på timeplanen

I eit klasserom i Bergen diskuterer dei pubertet, forelsking og kjensler. I dag er temaet kjærleik.

Frå bakarste benk ser Lars mot Nora. Det er mange søte jenter i klassa, men Nora er den søtaste, synast han. Ho er høg, lys og spring fortare enn gutane. Lars har likt henne i meir enn eitt år, men ho er ikkje så lett å vinne.

– Det er fint å vere forelska, meiner han. Det er noko alle kan vere. Du treng liksom ikkje vere god i det.

"Nødt eller Sannhet"

I friminuttet samlar elleveåringane seg i ein stor ring ute i skulegarden. Dei speler "Nødt eller Sannhet".

– Nødt eller Sannhet? spør ho som utfordrar. Lars er fyrstemann ut.

Vel han "Nødt" må han gjere noko, som å kysse ei av jentene. Vel han "Sannhet" må han fortelje ei hemmelegheit.

– Sannhet, seier Lars.
– Kven er dei tre personane du liker best i klassa?
Svaret kjem utan nøling: - Nora er på fyrsteplass. Men så veit eg ikkje meir. Det er berre ei eg liker best.

Litt seinare er det Nora sin tur.
– Kor mange prosent liker du Lars? Dei andre ventar spent medan Nora tenkjer seg lenge om. Til slutt kjem svaret:
– 45.

(Saka held fram under biletet)

Vaksne kranglar seg klokare

Elevane er attende i klasserommet.

– Trur de det er skilnad på å verte forelska når ein er 11 år eller 70 år? spør læraren. Nora rekk opp handa.

– Det er kanskje vanskelegare å verte forelska når ein er gammal, for då har alle rynker, seier ho.

Åse protesterer: - Men det er jo ikkje utsjånaden som betyr noko, det er kva som er inni. Indre venleik heiter det.

Åse kan mykje om dette temaet. Ho har vore i hop med Thor Johannes minst 14 gonger. Denne gongen har det vara ei stund. Dei har nemleg funne ut at dei ikkje treng å gjere det slutt sjølv om dei kranglar.

– Dersom vi kranglar kan mamma og pappa seie: Er det ikkje best å bare vere vener? fortel Thor Johannes. - Men kva om eg skulle seie det same til mamma og pappa når dei kranglar: er det ikkje betre å bare vere vener da?

Vert aldri lei kjærleiken

– Det er kanskje lettare å verte forelska når ein er liten, meiner Lars. – For då veit ein ikkje heilt kva det inneber.

No har han venta på Nora i over eitt år, men han har ikkje tenkt å gi seg enno.

– Eg vert aldri lei av kjærleiken eigentleg. Eg satsar på at det går bra.

Høyr dokumentaren:

Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.


Artikkelen er basert på ei sak skriven av Silje Martinsen Wettre for nrk.no. "Nødt eller Sannhet - en radiodokumentar om å være 11 år og forelsket" er laga av Kristin Heien Børnes.

Mer om: , , , .

Kommenter innlegget

189 kommentarer til “Forelska?”

Informasjon

NRK Super er NRKs kanal for barn. På denne siden kan du se aktuelle programmer i nett-TV, spille spill, lese om og delta i aktiviteter i forbindelse med programmene.

Kontakt

Epost: info@nrk.no

Telefon: 815 65 900

Redaktør NRK Super: Nils Stokke

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen