Supernytt

Yngst på Stortinget

Onsdag 9. oktober vart det 158. storting opna. Mange av dei som fekk ein plass på Stortinget etter valet har no sine første arbeidsdagar.

SJÅ OGSÅ: Kva er et stortingsval?

Midt blant dei finn me Sivert Bjørnstad på 23 år frå Sør-Trøndelag.

- Dette er stort. Ein blir litt mo i knea, seier Sivert, som skal få vere med på å bestemme i Noreg.

Han er vald til stortingsrepresentant - for fyrste gong - frå partiet Framstegspartiet (FRP).

Sjå Sivert sin fyrste dag på Stortinget i videoen:

 

Han fortel at han no må lese ei lekse han har fått. Leksa handlar om skulane i Noreg. Det er eit tema som Sivert er veldig interessert i.

- Eg ynskjer å gje elevane meir valfridom, slik at elevane sjølve kan bestemme over eigen skulekvardag, seier han.

Del din mening!