Supernytt
På denne bussen mandag kveld ble tre personer angrepet med kniv. Foto: Cornelius Poppe/NTB scanpix

Tre personar knivstukke på buss

Måndag kveld tok ein mann seg inn på Valdresekspressen, og angreip tre personar med kniv. Bussen var på veg fra Årdal til Oslo.

Ei kvinne på 19 år og to menn i femtiåra blei angripe, og alle tre døydde av skadane.

Gjerningsmannen blei etter kvart overmanna av brannmannskap, og han er no under kontroll av politiet.

Politiet seier at gjerningsmannen var ein mannleg passasjer frå utlandet. Han hadde søkt om å få bu i Noreg, men fekk ikkje lov.

Politiet er fortsatt ikkje sikker på kvifor han gjorde det. Men du treng ikkje å vere redd for å ta bussen, seier eksperten Supernytt har snakka med.

Det som skjedde i går er nemlig veldig uvanleg.

- Det er veldig liten sjanse for at noko slikt kan skje der du bur. Bussar og skulebussar er trygge, seier psykolog Atle Dyregrov.

Del din mening!