Supernytt
Store øydeleggingar i byen Tacloban på Filippinene. Foto: Aaron Favila/Ap

Millionar råka av ekstremt uvêr

På Filippinane blei fleire millionar denne helga råka av eit ekstremt uvêr, og fleire hundre tusen menneske mista heimane sine etter tyfonen Haiyan.

Hjelpeorganisasjonane jobbar no på spreng for å hjelpe alle dei som treng det.

SJÅ OGSÅ: Tornado herja i USA

- Det er ein veldig stor storm som har skapt store øydeleggingar. Masse vatn og veldig sterk vind har ført til at mange hus har falle saman og heile byar er borte, seier Mattis Rausdøl.

Han jobbar i Raudekrossen, og dei arbeider no saman med andre organisasjonar for å hjelpe menneska som bur der.

- Vi hjelper dei med mat og reint vatn, og gir dei medisinar og tak over hovudet, seier Mattis.

Øydeleggingane er så store at hjelpeorganisasjonane slit med å nå fram til alle.

- Det er vanskeleg fordi vegar og bruer er øydelagde. Mange stader er det ikkje noko straum, slik at det ikkje er mogeleg å ringje med telefon, fortel Mattis.

SJÅ OGSÅ: Fattige land får store problem på grunn av klimaendringar

Kilde: NRK

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!