Supernytt

Her speler Elias EL-innebandy

Det å ha ei funksjonhemming treng ikkje hindre deg frå å drive med sport.

SJÅ OGSÅ: Funksjonshemma barn får tilbod om EL-innebandy

For å skape merksemd rundt at funksjonshemma mennesker kan ha stor glede og nytte av idrett, blir det arrangert "grenseløs idrettsdag" fleire stadar rundt om i landet.

I idrettshallen i Trondheim er det mange som prøver noko nytt, som til dømes karate frå rullestolen.

- Det er veldig god trening for dei som sit i rullestol. Dei får utvikla sine evner, seier Erlend Skjervøy.

Elias (13) prøver curling for første gong.

- Det er morosamt å prøve noko nytt, seier han.

Likevel er det EL-innebandy som er favoritten.

- Det går femten kilometer i timen, så det går veldig fort, fortel Elias.

SJÅ DOKUMENTAR: Funksjonshemma filmskodespelar

Del din mening!