Supernytt

Tenkjer på sin filippinske familie

Filippinane opplevde like før helga det verste uvêret dei har hatt nokosinne.

Båe Ranndell og Dominick har familie som bur på Filippinane, og gutane har tenkt mykje på dei.

- Eg tenkjer at det er litt bra at ingen i familien er der nett no, men det er fælt at folk fra Filippinane er der og blir skada, seier Ranndell.

Den sterke vinden og store bølgjer har øydelagt veldig mykje. Fleire hundre tusen menneske har mista heimane sine, og folk leitar no etter ein trygg stad å vere.

- Dei gret sikkert viss dei har mista familiemedlemmar og har vore veldig redde, seier Dominick.

No har gutane hatt ein innsamlingsaksjon. Pengane skal gå til Filippinane.

- Vi sprang, og hadde sponsorar som ga oss pengar, fortel Dominick.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!