Supernytt

Fleire unge gjer som dei her

Ei undersøking viser at talet unge som trener på treningssenter har økt kraftig dei siste åra. Ungdom droppar ut av idrett som til dømes fotball og håndball fordi alvoret startar tidleg.

Supernytt møtte nokre ungdommar som var i full gang med treninga si på Espern treningssenter i Hamar.

Dei aller fleste av dei har slutta med organisert idrett.

- Eg slutta mest fordi det var så stor konkurranse, og så var eg ikkje så veldig god, seier Martin (13).

Ungdommane vil likevel ikke slutte å trene, derfor har dei begynt på treningssenter.

- Eg vil halde meg i form, så eg synast det er fint å gå her, seier Johanne (13).

Eivind Skille er forskar og seier det er viktig at ungdom får tilbod om ulike typar trening.

- Da klarer man å gje eit tilbod til dei som vil satse for å bli god, og til dei som berre vil gå på fotball eller handball for å ha det morosamt, seier Eivind.

Del din mening!