Supernytt

– Trenar for mykje på ein idrett

Marit Roland Udnæs, som forsker på idrett, uroar seg for at barn under 12 år ikkje varierer nok når de trenar, fordi dei berre held på med ein aktivitet.

- Sjølv om fysisk aktivitet og trening er bra, er det underleg at ein idrett skal ta all tida til eit barn under 12 år, seier Marit.

SJÅ OGSÅ: - Må ikkje ha det beste utstyret

Men i Lillehammer ishockeyklubb er dei usamde i dét. Deira unge spelarar kan trene åtte, ni gonger i uka.

- Ungar må få velje sjølve, meiner sportssjef Tor Erik Nilsen.

Torjus (10) er keeper på laget, og har allereie hatt fem treningar denne veka.

- Eg vil spele i National Hockey League i Canada og USA, og på Detroit Red Wings, seier Torjus.

- Eg speler jo fotball om sommaren, men eg synast ikkje det er like morosamt, seier han vidare.

SJÅ OGSÅ: Ein av tre av elevar likar ikkje gym

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!