Supernytt

Vil ikkje gå på do på skulen

Fordi fleire av toaletta er slitte og øydelagde, er det mange som ikkje vil gå på do på skulen.

På Alvøen barneskule i Bergen seier mange av barna at dei held seg heile dagen. Dei ventar med å gå på do til dei kjem heim.

- Eg gjer det heile tida. Det er vanskeleg, men eg gjer det likevel, seier ein elev.

- Valet står mellom å få vondt i magen eller å gå på dei ekle doane, seier ein annan elev.

Nokon held seg så lenge at dei må til legen. På barneklinikken i Bergen har halvparten av pasientane med magesmerter forstopping.

- Magesmertene kan bli så sterke at ein trur det er blindtarmbetennelse, seier lege Mette Engan.

Rektor ved Alvøen skule er overraska over at skuletoaletta kan gi så store helseplagar.

- Det er skremmande, seier André van der Heide.

Del din mening!