Supernytt

Barn vel bort dialekta si

På Bø skule i Telemark er det færre og færre som brukar Bø-dialekta.

- Heime snakker eg Bø-dialekta med mamma og pappa, men på skulen blir eg hekta på bokmål, og då klarar eg ikkje prata dialekt, fortel Tuva (10).

SJÅ OGSÅ: - Viktig å læra seg nynorsk

- Bokmål er lettare å snakke, seier Annbjørg (10).

Supernytt har snakka med ein språkekspert som fortel at det ikkje berre er i Bø at dialekta er i ferd med å forsvinne.

- Mange stader blir dialektane mindre spesielle og meir bokmålsaktige, seier Arne Torp.

Og sjølv om dei synast det er vanskeleg å holda på han, håper elevane at Bø-dialekta ikkje forsvinn heilt.

- Det er jo ikkje noko morosamt om vi alle snakkar heilt likt, seier Annbjørg.

SJÅ OGSÅ: Færre elevar har nynorsk som hovudmål

Del din mening!