Supernytt

Kven er Snowden?

I det siste har det vore mykje snakk om at USA har overvåka telefonar og sniklest e-post omkring i verda.

Avsløringane har kome etter at amerikanaren Edward Snowden, som jobba med å spionere på andre, fortalte verda kva USA har drive på med.

I 2001 var det ein grusom terroraksjon i USA. Etter dette har landet prøvd å finne terroristar, før dei får gjort noko gale, ved å spionere på PC-ane og telefonane deira.

Edward Snowden jobba sjølv for styringsmakta i USA og overvåka kven som ringte kven, fortel journalist Jan Espen Kruse.

- USA har tatt opp så forferdeleg mange telefonsamtalar, og det meiner Snowden at dei ikkje har lov til, sjølv om dei jaktar på terroristar, seier Jan Espen.

Edward Snowden tok med seg mange papir og rapportar om det USA har drive med og rømte til Russland, fordi leiarane i USA ville arrestere han for å ha røpa all spioneringa.

- President Barack Obama sa at det var frykteleg at ein som hadde lova å ikkje røpa noko, gjorde det likevel, seier Jan Espen.

Del din mening!