Supernytt

Fekk kunsten sin stilt ut

På Barnekunstmuseet i Oslo stiller dei ut kunst som barn og unge frå heile verda har laga.

No har den 13-årige kunstnaren Mikael fått stilt ut sine bileter. Han lagar digitale kunstverk.

- Nokre gonger teiknar eg på papir, men det blir litt rart. Datamaskiner gir perfekte, kunstnariske bilete, seier Mikael.

Heile klassa hans fekk støtte til å reise frå Troms til Oslo for å vere med når kunsten til Mikael blei ein del av utstillinga.

- Dette er noko unikt. Han har ein utruleg fantasi, seier klassekameratane Isabelle og Maja.

Del din mening!