Supernytt

Skal sjå på kvifor barn ikkje kan svømme

Det er altfor lite svømmeundervisning i skulen, seier Norges svømmeforbund, for berre halvparten av dei som begynner i femte klasse kan svømme godt nok.

Supernytt møtte Sjakhlo (10) som får svømmeopplæring etter skuletid. Hun rakk ikkje lære seg det på skulen.

- Vi fekk ikkje øvd på å svømme, vi berre leika, seier ho.

Det står i lova at barn skal lære å svømme i løpet av fjerde klasse, og Norges svømmeforbund seier dei vil ha fleire svømmetimar inn på timeplanen.

- Ein kan ikkje berre hive eit barn i vatnet og håpe på at det går bra, seier Per Rune Eknes som er sjef i Norges svømmeforbund.

No seier Kulturdepartementet at dei skal sjå på kvifor så mange barn ikkje kan svømme.

- Vi kjem til spørje barna om korleis opplæringa er og om det er voksne der til å hjelpe dei, seier statssekretær Birgitte Jordahl.

Undersøkinga er ferdig til våren.

SJÅ OGSÅ: Mange svømmebasseng står tomme

Del din mening!