Supernytt

Har det gøy og lærer noko samstundes

Kva slags effekt har det vi et på kroppen vår??

Supernytt har besøkt ei utstilling i Bergen som handlar om nettopp mat. Vilvite er eit senter kor barn og unge kan lære om vitskap og teknologi.

- Utstillinga handlar om fordøyelsen vår, og kva vi bør ete og kva vi ikkje bør få for mykje av, fortel Aida (12).

Elevane i 7. trinn på Midtun skule tykkjer det er fint at dei kan ha det morosamt samstundes som dei lærer noko nytt.

- Eg lærte at eg bør spise sunnare, seier Markus (12).

- Det er spennande å utforske ting, og sjå kva som skjer, seier Kristin (12).

Del din mening!