Supernytt

Lærer seg å drive ei bedrift

Elevane i 6. trinn på Hallermoen skule i Drammen har ikkje berre hatt vanleg undervisning denne veka.

Dei har også hatt faget bedriftsøkonomi, og for å lære meir om det, har dei hatt ein juleverkstad.

- Vi har forskjellige avdelingar. I ei avdeling er det produksjon, og der lagar dei eple, nissar og englar, seier Mille Sophie (11).

Med juleverkstaden lærer elevane seg korleis ein driv ei bedrift.

- Ein treng også ein som kan styre bedriften og halde orden, seier Mille Sophie vidare.

Ho er sjefen for juleverkstaden, eller administrerande direktør som det også heiter.

Elevane har investert 50 kroner kvar. Pengane er brukt til å kjøpe inn materiell, som det skal lagas forskjellige ting av. Tinga skal seljast om nokre dagar.

Dei skal ikke behalde pengane dei tener sjølv.

- Vi skal gje overskotet til dei som gruar seg til jul. Ein må tenkje på dei som ikkje har det så bra i jula, seier Mille Sophie.

SJÅ DOKUMENTAR: Konkurrerer om å vinne pris for beste elevbedrift

Del din mening!