Supernytt

Mindre bråk i klasserommet

I den store PISA-rapporten, som kom tidlegare denne veka, kom det fram at norske elevar har blitt dårlegare i både matematikk og naturfag.

Noko er likevel positivt. Norske elevar fortel nemleg at det no er mindre bråk og uro i klasserommet enn det var før.

TEST DEG SJØLV:
Kor god er du i matte?

- Elevane fortel også at det tar kortare tid frå dei går inn i klasserommet til undervisninga startar, seier skuleforskar Marit Kjærnsli.

I PISA-rapporten måler ein kor flinke 15-åringar er til å lese, rekne matematikk og kva dei kan om naturfag. Det blir også målt korleis elevane har det på skulen.

Niandeklassingane på Øraker skule i Oslo seier dei kjenner igjen beskrivinga om mindre støy i klasserommet.

- Ein jobbar kanskje meir effektivt dersom ein har det stille. Viss det er veldig mykje bråk, er det ikkje sikkert ein klarar å konsentrere seg om oppgåvene, seier Margrethe (14).

- Støynivået er greit, det er aldri for høgt, seier Henrik (14).

SJÅ OGSÅ: Får ikkje støyskjermar framfor skulen

Del din mening!