Supernytt

Eiga juniorklasse til neste år

Finnmarksløpet er eit av verdas lengste hundesledeløp. Fram til no har berre vaksne kunna delta, men frå neste år av blir det ei eiga juniorklasse.

- Finnmarksløpet junior er eit heilt nytt løp som vi skal arrangere i 2014 for dei mellom 15 og 18 år, fortel sjefen for løpet, Svanhild Pedersen.

Sjølve løpet blir på 200 kilometer, og eit så langt løp kan bli veldig tøft. Anna Yri (15) er godt i gong med treninga.

- Dette blir den fyrste konkurransen eg køyrer i, og eg kjem til å gjere mykje av det framover, seier ho.

- Det er ei meistringskjensle å få hundane til å høyre på meg, seier Anna Yri vidare.

Ville det ikkje vore betre å trene handball eller liknande innandørs i ein hall?

- Nei, det er ikkje den same utmaninga, seier Anna Yri.

Del din mening!