Supernytt

Vil ta vare på isbjørnane

I Moskva har landa med isbjørn diskutert kva vi må gjere for at vi skal ha isbjørn i framtida.

Den har nemleg vore utrydningstrua før. På 1900-tallet førte isbjørnjakt til at den nesten blei utrydda. Den vart heldigvis freda i 1973, og det vart etter kvart fleire og fleire isbjørner.

I dag er det eit nytt problem som truar isbjørnen, nemleg klimaendringar.

SJÅ OGSÅ: Her vassar dei i gatene

- Heimen til isbjørnen, altså isen, smelter på grunn av klimaendringar, seier Nina Jensen. Ho jobbar i Verdens naturfond.

Derfor har isbjørnlanda Norge, Danmark, USA, Canada og Russland hatt eit møte for å diskutere framtida til isbjørnen.

- På isen finn den mat, og det er der den har ungane sine. Viss isen blir borte, har isbjørnen ikkje nokon stad å vere, seier Nina vidare.

På møtet blei landa einige om å jobbe saman om korleis dei kan ta vare på heimen til isbjørnen.

- Det verste som kan skje, er at isbjørnen ikkje har ein stad å bo. Då vil isbjørnen trekke meir inn mot område kor det bur menneske, seier Nina.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!