Supernytt

Desse venene har blitt verdskjende

Etter at den norske reven Snusen og hunden Tinni vart bestevener, har dei blitt store kjendisar i utlandet.

Seinast denne veka leika Tinni og Snusen i skogsområda på Ski, mellom Østfold og Akershus. Den litt uvanlege venskapen har vara sidan i sommar.

- Det var eit lykkelig møte, med full fart på jordet utanfor huset, seier matfaren til Tinni, Torbjørn Berge.

Videoar og bilete som er teke av Torbjørn, har no blitt sett av millionar av sjåare på internett.

Media fra heile verda, som Indonesia, USA, Danmark og England, har også fortalt om dei firbeinte kameratane.

No håpar matfar Torbjørn at jegerar held seg unna reven Snusen.

- Tinni sjår på Snusen som ein god ven, så det hadde vore trist om Snusen vart borte, seier Torbjørn.

Her kan du når sjå Tinni og Snusen lekte saman denne veka:

Del din mening!