Supernytt

Sel englar for barneheimsbarn

Mora til Iver er forskar og reiste til Benin med jobben, og då blei Iver (8) med. Han delte ut klede då han var der, men fekk lyst til å gjere endå meir då han kom heim.

Difor begynte han med engleprosjektet, og han likar kjensla av å hjelpe andre.

- Det kjennast godt å få hjelpe eit barn som treng det meir enn oss, seier Iver.

Han lagar og sel små englar, og pengane gir han til ein barneheim i Benin i Afrika, slik at dei kan arrangere ein skikkeleg julefest.

Åtteåringen har nemleg vore der og besøkt barneheimen, så han veit kva dei treng.

- Dei treng ordentlege sko. De dei har blir så øydelagde av å gå på skarpe ting, seier Iver.

Del din mening!