Supernytt

– Håpar sjåarane likar serien

I helga var det premiere på den nye serien TRIO - Odins Gull på NRK Super.

I serien blir vi kjent med dei tre venene Nora, Simen og Lars som leitar etter ein vikingskatt.

Supernytt har møtt hovudrolleinnehavarane, Oskar, Naomi og Bjørnar, som håpar sjåarane likar det dei sjår.

- Eg håper i alle fall at dei synast det er bra. Det er vel det eg håpar, at dei synast at det er gøy å sjå på, seier Naomi (11).

- Og at du kanskje vil fortsetje å sjå på, at ein har lyst til å følgje med vidare, seier Bjørnar (13).

TRIO - Odins Gull er spelt inn i fjellbygda Skjåk i Gudbrandsdalen. Og her blir skattejakta, som dei tre venene gjer seg ut på, alt anna enn kjedeleg.

- Det er nok nokon som synast det er litt skummelt, men det er ikkje sikkert at alle synast det, seier Naomi.

Del din mening!