Supernytt

Dette googla vi mest i 2013

Kva søkte vi nordmenn på i fjor? Ei ny oversikt viser kva som var dei mest populære søka på Google i 2013.

SJÅ OGSÅ: Musikkvideo blei internett-hit

Supernytt tok ein prat med nokre elevar på Korsvoll skule om kva og kven dei trudde toppa googlelistene i året som gjekk.

- Eg trur det var ein fotballspelar, seier Wilhelm (12).

- Isac Elliot? spør Maria (12).

Nei, det er faktisk Justin Bieber som er den personen som vi i Noreg søkte mest på i fjor.

På andre plass finn vi ein norsk artist, nemleg Tone Damli Aaberge.

På tredjeplass hamna Miley Cyrus. Det synast Wilhelm ikkje er så rart:

- Ho har litt rare musikkvideoar, seier han.

Men får vi dei svara vi leitar etter når vi søkjer på nett?

- Ein gong søkte eg på mamma, og då kom det opp mange magedansarar, fortel Aleksander (12).

- Eg prøvde å søkje opp ballettlæraren min, og då fekk eg opp bilete av masse glamourmodellar uten klede, seier Mari (12).

SJÅ OGSÅ: Norske barn og unge er av dei som bruker smarttelefon og internett mest i Europa

Kva kjem du til å søke mykje på i 2014? Skriv di meining i kommentarfeltet under.

Mest søkte person
  • 1. Justin Bieber
  • 2. Tone Damli Aaberge
  • 3. Miley Cyrus
  • 4. Selena Gomez
  • 5. Kim Kardashian
  • 6. Rihanna
  • 7. Petter Northug
  • 8. Taylor Swift
  • 9. Nicki Minaj
  • 10. Jennifer Lawrence
Mest søkte kvifor-spørsmål
  • 1. Kvifor hikkar ein
  • 2. Kvifor tøye ut
  • 3. Kvifor stemme Høyre
  • 4. Kvifor varme opp
  • 5. Kvifor stemme Frp
  • 6. Kvifor trene styrke
  • 7. Kvifor geispar ein
  • 8. Kvifor stemme Ap
  • 9. Kvifor stemme
  • 10. Kvifor drøymer vi

Del din mening!