Supernytt

Må trene utan snø

Mange stader i Noreg har snøen latt vente på seg. Særleg på Østlandet er det fleire skientusiastar som er lei seg.

- Det blir litt kjedeleg etter kvart, når ein berre løper utan ski på bena, seier Kristian (10).

SJÅ OGSÅ: - Må ikkje ha det beste utstyret

For viss ein skal bli god på ski, gjeld det å få trent. To gonger i veka trener dei to kompisane Kristian og Nikolai (10) på Konnerud i Drammen.

- No er det ikkje så gøy å vere her, fordi det ikkje er noko snø, seier Kristian.

- Eg saknar å trene med ski på bena. Då skulle eg trent dobbeldans, enkeldans og padling, seier Nikolai vidare.

Likevel har dei ikkje gitt opp håpet om snø heilt enno, sjølv om sesongen er godt i gong.

- Eg håpar det kjem snø til onsdagstreninga og til renn, seier Nikolai.

Del din mening!