Supernytt

Kjempar for leirskule

Det er ikkje alle skular som lar elevane sine dra på leirskule.

I Horten kommune lar dei ikkje elevar i 7. klasse få dra på dette. Det tykkjer Sunniva og Tuva er dumt og har tatt saka i eigne hender.

I fjor haust fekk jentene høyre om noko som heiter innbyggjarinitiativ og ei nettside som heiter minsak.no.

I lova står det at viss ein har ei sak som angår ein kommune, treng ein berre 300 underskrifter - og då MÅ politikarane ta saka opp i kommunestyret.

No har Sunniva og Tuva klart å samle inn 300 underskrifter.

- I fjor fekk vi vite at vi ikkje fekk lov til å dra på leirskule, og då vart alle veldig skuffa, seier Tuva.

Kva er minsak.no?
  • - På minsak.no kan du foreslå saker du meiner vil gjere din kommune betre.
  • - Du kan enten foreslå ei sak sjølv, eller du kan skrive under på ei sak som allereie er foreslått.
  • - For å samle underskrifter kan du dele saka med vener på e-post, facebook, twitter eller liknande stadar.
  • - Du treng underskrifter frå to prosent av innbyggjarane i kommunen din, eller frå 300 personar.
  • - Du må ikkje ha stemmerett eller ha fylt 18 år.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!