Supernytt

Bilete av deg, du bestemmer!

Stadig fleire foreldre legg ut bilete av barna sine på internett og sosiale medier.

Mammaen til Lotte har ein eigen blogg. Der skriv ho om dottera og legg ut bilete.

Guro Skåltveit jobbar i Datatilsynet. I Datatilsynet passar dei på at alle får bestemme over sitt eige privatliv.

- Alle barn har rett til å seie meininga si og bli høyrt. Alle barn har rett til privatliv. Det betyr at ein skal spørre først, seier Guro.

Lotte tykkjer ikkje alltid det er like kjekt at mammaen bloggar om ho. Men ho bestemmer sjølv kva slags bilete mamma skal leggje ut.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!