Supernytt

Korleis takle sorg?

Ida veit korleis det er å vere ordentleg lei seg. For nokre år sidan døydde mammaen hennar.

For Ida har det hjelpt å snakke med vener og familie om det vanskelege. Etter kvart gjorde det ikkje så vondt lenger.

Knut Andersen jobbar i senter for sorgstøtte.

- Det viktigaste når ein skal takle sorg, er å vere ærleg med seg sjølv. Sei ifrå når ting er vanskeleg, seier Knut.

Han seier det er viktig å vite at det er greit å ha andre kjensler sjølv om vi er lei oss.

- Vi kan leike, ha det godt, samtidig som vi kjenner på det som er vanskeleg.

Det har tatt eit par år for Ida å få sorga litt på avstand.

- Eg har komme litt over det no, seier Ida.

 

Har du sorg?
  • Du kan be om ein samtale ved helsestasjonen eller hos helsesøster.
  • Fleire sjukehus og kommunar har sorggrupper for barn.
  • Du kan sjå på sorggrupper.no for å finne ut om det er eit tilbod der du bur.
  • Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

    Del din mening!