Supernytt

Endeleg på snowboard!

No kan ho endeleg lære seg å stå på snowboard. I den nye bakken i Oslo Vinterpark på Tryvann blir det nemleg lagt til rette for barn som er funksjonhemma.

Maren Elise har lenge hatt lyst til å prøve, og no har ho fått sjansen til det.

- Eg hadde lyst til å begynne, og dette var jo for funksjonshemma, seier Maren Elise.

Maren Elise har cerebral parese, og blir følgt opp av Funkis Snowboardklubb medan ho er i bakken.

- Eg klarte det! Det er første gong eg har klart det, seier Maren Elise etter å ha køyrt ned bakken.

Funkis Snowboardklubb
  • Finst i Oslo og Nannestad. Skal komme også på Hafjell og i Trondheim.
  • Legg til rette for dei med nedsatt fysisk funksjonsevne.
  • Snowboard er ofte ein enkel aktivitet for dei som for eksempel manglar ein arm eller fot, har cerebral parese eller er lam på den eine sida av kroppen.
  • Del din mening!