Supernytt

Tilbake på skulen etter brannen

Dei 200 elevane ved Lærdalsøyri Skule i Sogn og Fjordane hadde tysdag sin fyrste skuledag etter katastrofebrannen som ramma bygda i helga.

Elevane som Supernytt møtte synest det var fint at skuledagen var lagt opp slik at dei kunne samlast for å snakke om hendingane.

- Vi begynte å prate om brannen i dei to første timane, også har vi vært samla i gymsalen etterpå, fortel Mathilde. Ho og dei andre elevane er samde om at det hjelp å prate om brannen og dei som vart ramma av den.

- Då kan vi syne at folk er der, at det skal gå bra i framtida og støtte dei som mista husa sine, sier Morten.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!