Supernytt

– Veldig, veldig dumt

- Eg hadde aldri trudd at Justin Bieber kunne gjere noko slikt, seier Lotte. Ho har tatt ned omkring halvparten av dei 35 plakatane av Bieber ho hadde på veggen.

- Eg likar han litt mindre no, forklarar ho. Årsaka er at den canadiske ungdomsstjerna har verte arrestert fordi han køyrde bil i rusa tilstand.

Mange av fansen til Bieber er skuffa over det han har gjort, no kjem i tillegg straffa i rettsvesenet. Bieber får i alle fall ikkje lov å sette seg bak rattet med det fyrste.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!