Supernytt

Flaum på Austlandet

Det er Trysil kommune som er hardast ramma av flaumen i innlandet.
I løpet av natta har Trysilelva stige med 25 centimeter. I morgontimane mandag viste flaumsteinen i bygda at det berre er ein halv meter att til vatnet står like høgt som under storflaumen i 1995.

Vatnet har stige i fleire veker
Trysilelva har stige 30-40 centimeter kvar dag sidan 16. mai, og fleire har fått vatn i kjellarane. Nokre har måtte flytte frå husa sine.
– Det nærmar seg 100-årsflaum her, og stig elva 45 centimeter til har vi ein 200-årsflaum, forklarer NRK sin reporter Kurt Sivertsen.

Skulane held fram som normalt
Ordførar i Trysil, Ole Martin Norderhaug, fortel at vatnet skaper problem i trafikken.
– Enkelte steder blir det lange omvegar å kjøre. Difor sett vi på ekstra folk slik at skulebussane får barna på skulen og heimesjukepleia kjem seg ut.

Det er ikkje meldt meir regn i løpet av de nærmaste timane.

Foto: NRK

Foto: NRK

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!