Supernytt

Ingen lærarstreik

No er lønnsoppgjeret til lærarane er avslutta. Dei har blitt samde med arbeidsgivarane sine i kommune og stat om både lønn og arbeidstid. Det blir altså ingen streik og alle elevar og lærarar møter dermed opp på skulen som normalt.

Arbeidstid på skulen og heime
Problemet i lønnsoppgjeret har vore arbeidstida til lærarane. Her ville arbeidsgivaren, KS, at lærarane skulle vera på skulen store deler av arbeidstida, noko lærarane var sterkt imot. Resultatet blei at lærarane får behalde ordningen omtrent som den er no; dei må vera på skulen eit antall timer på dagen og kan arbeide heimefrå på kveldstid.

Del din mening!