Supernytt

Luis Suarez i nytt bitedrama

Luis Suarez gjorde det igjen mot Italia. Ti minutt før slutt stølytte han inn i ein motspelar, som hadde tydelege bitemerke etterpå.

TV-bileta indikerer tydeleg at uruguyaranren bit italienaren.

Se også: Bilder og fakta om Suárez

Berre nokre sekund før den einaste scoringa i kampen tapte Suarez ein duell inne i feltet og svara med å bite etter Giorigio Chellini. Italienaren sprang etter dommaren for å vise bitemerka.

Spørsmålet er om FIFA vil gjere det i ettertid.

Det er ikkje første gongen Suarez bit motspelarar. 21. april i fjor beit han Chelseas Branisklav Ivanovic og fek ti kampar karantene.

I 2007 fekk han sju kampar karantene etter å ha bite PSV-spelar Otman Bakkal i skuldra.

Kampen i Natal var lenge utan anna innhald enn ein haug med frispark, nokre gule og eit raudt kort.

Så eksploderte kampen i eit drama i dei siste minutta.

Diego Godin var høgast av fire-fem uruguay-spelarar som gjekk opp i feltet etter ein corner, og nærmast med ryggen sende han ballen bak Buffin og i mål, ti minutt før slutt. 1-0, og Uruguay hadde målet dei måtte ha.

Kva synast du om Suarez?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!