Supernytt

Mogleg hemndrap på palestinsk tenåring

Israelsk politi har funne liket av ein palestinsk tenåring i Jerusalem. Det er mistanke om at det er snakk om eit hemndrap etter drapa på tre israelske ungdomar på Vestbreidda.

Politiet i Jerusalem i Israel fekk melding om at ein palestinsk ungdom vart dregen inn i ein bil og bortført utanfor ein butikk i Jerusalem seint i går kveld. Eit vitne fortel at guten, som skal vere rundt 16 år gammal, stod ved vegkanten og haika.

– Utsett for vald

Politiet har sperra av eit stort område i skogen der ungdomen vart funnen, og det er sett i verk jakt på dei som kan ha stått bak, blir det opplyst.

Nokon har sagt til nyhetsbyrået Reuters at ungdomen truleg vart drepen som hemn for drapa på tre jødiske ungdomar, som vart gravlagde i går. Dei tre vart bortførte 9. juni og lika deira vart funne måndag.

I morgontimane i dag samla det seg ei stor gruppe rasande palestinarar utanfor heimen til den drepne 16-åringen i Aust-Jerusalem. Dei kasta stein mot politiet, og politiet svarte med å skyte gummikuler og sjokkgranatar.

Etter gravferda i går deltok fleire titals personar i ein demonstrasjon med krav om hemn etter drapa på dei tre israelarane.

Politiet opplyser at 47 personar vart arresterte etter at rundt 200 demonstrantar gjekk rundt i Jerusalem, stansa bilar og ropte «død over arabarane». Eit augevitne seier det var tydeleg at dei leitte etter palestinarar.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu heldt i går kveld eit nytt møte for å avgjere korleis Israel skal reagere på drapa på dei tre jødiske ungdomane.

Krav om hemn

Drapet på dei tre jødiske ungdomane har vekt sinne i Israel, og statsminister Benjamin Netanyahu vart raskt ut med å skulde Hamas for drapa. Hamas nektar for å stå bak, men israelske styresmakter seier dei har klare bevis for at to Hamas-leiarar frå Hebron tok livet av ungdomane.

Kjelde: Reuters, AFP, NTB.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!