Supernytt

Demonstrerte mot hundedrap

Nesten 1000 menneske samla seg i går på Hellestøstranda i Rogaland, for å ta avstand frå drapet på hunden Tønes

Hunden blei skoten

Søndag var Ola Stangeland på Hellestø for å gå tur med hunden sin, Tønes. Det var sauer på beite i området, og hunden var ikkje i band. Ein mann skal då ha kome på firhjuling, med ei hagle på ryggen, og skote hunden utan forvarsel, skriv Aftenbladet. Hendinga blir etterforska av politiet.

Viser støtte

Fleire har reagert med sinne, og i går kveld møtte heile 1000 menneske opp for å vise si støtte til hundeeigaren.

Mange av dei som møtte fram var sjølv hundeeigarar. Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Mange av dei som møtte fram var sjølv hundeeigarar.
Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

- Dette er heilt utruleg. Eg kunne aldri ha drøymt om at det ville kome så mange folk. Dei siste dagane har eg fått så mykje støtte, folk har ringt frå heile landet for å vise sympati. Det er eg veldig takknemleg for, seier Stangeland.

Hundeeigar Ola Stangeland Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Hundeeigar Ola Stangeland
Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Gardbrukaren seier til VG, at hunden sprang etter sauane hans.
Han meiner han var i sin fulle rett til å skyte hunden, og at det er bandtvang på eigedomen.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!