Supernytt

Fann vikingsverd i hagen

Leif Arne Nordheim skulle berre ordne og fikse litt i hagen. Lite visste han om kva historiske skattar som låg under nokre steinheller han hadde irritert seg over....

– Det var litt spesielt. Her har vi budd sidan 1975 og ikkje ant nokon ting. Vi har sprengt i deler av hagen og greve vassleidning.

Leif Arne Nordheim i Sogndalsdalen i Sogn og Fjordane hadde inga aning om kva skattar som låg skjulte i hagen hans.

– Eg hadde merka at det var nokre heller som stakk opp, slik at eg måtte løfte plenklipparen over dei. Så då naboen hadde gravemaskin i hagen ville eg nytte høvet til grave vekk hellene.

Visste ingenting

Han oppdaga ikkje noko spesielt i starten. Men førre veke då han skulle gjere arbeidet ferdig fann han ei tang som kunne vere ei smedtang, men tenkt ikkje så mykje meir på det.

– Då eg fann eit sverd som stakk opp av jorda forstod eg at dette nok var eit par hundre år gamalt.

Han stoppa alt arbeid og gav beskjed til fylkesmannen om funna. Det vart då slått fast at funna var frå vikingtida.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?

Del din mening!